Dagen vart gjennomført i regi av Sogn regionråd i samarbeid med kommunane, som alle er inne i eit utviklingsarbeid knytt til Inkluderande barnehage- og skulemiljø i 2018 og 2019.

Hovudtema denne dagen var Psykisk helse og livsmeistring i eit inkluderande barnehage – og skulemiljøperspektiv. Forelesarane Ingrid M. Løkken og Hanne Jahnsen frå Læringsmiljøsenteret gjennomførte dagen på ein engasjerande og god måte der dei varierte mellom forelesing og småøkter med konkrete summeoppgåver som deltakarane seinare kan nytte i eigne einingar.

Undertema for dagen var «Kjensler og relasjonar, robustheit og stressmeistring og inkludering og forståing.» I praksiskvardagen vil dette vere viktig kunnskap i direkte arbeid med barn, unge og foreldre.

Samlinga er ei direkte vidarekopling og påbygging på fagdagar som har vore hausten 2018 og som blir følgd opp i 2019.