Lånaren er ansvarleg for alt materiale han/ ho låner og må erstatta eventuelle tap og skader, jfr utlånsreglementet for Sogndal bibliotek.
Biblioteket vurderer erstatningssummen i kvart einskild tilfelle ut frå følgjande kriterier:
- Er det vanskeleg å få erstatta boka?
- Er materialet innlånt frå anna bibliotek?
- Kva kostar det å kjøpa inn eit nytt eksemplar?
- Kor mange gonger har boka/ materialet vore utlånt? Har det vore stor slitasje?
Er det barn som har lånt, vert erstatningssummen redusert.
Minstesatsar for erstatningskrav ;
- Barnebok: kr. 100,-
- Vaksenbok: kr. 400,-
- Lokalhistorisk materiale: Min. kr. 400,- Eller tilsvarande nytt materiale
- Språkkurs: kr. 500,-
- DVD-filmar: kr. 200,-
- Cd-rom: kr. 400,-
- Musikk-cd: kr. 200,-
- Teikneseriar: kr. 200,-
- Tidsskrift: kr. 100,-
- Lydbøker: tilsvarande ny
- 1 lydbokCD: kr. 130,-
Har ein lånar betalt, for så å finna att boka eller anna lånt materiale, får vedkomande refundert utgiftene ved innlevering med frådrag for eit gebyr på kr. 100,- pr. bok/anna materiale.
Erstatningskrav som ikkje vert betalt vert sendt til inkasso.