Juryformann Alice Blålid frå Framtidsfylket hadde med seg Arnstein Hauståker frå Sparebanken Sogn og Fjordane og Jan Julusmoen frå Høgskulen i Sogn og Fjordane. Dei fekk ei tøff oppgåve å kåre vinnarane i dei tre kategoriane. I kategorien "Nyskaping og kreativitet" vart vinnaren "Salongen" frå Flatbygdi skule i Vik. Jentene frå Flatbygdi får dermed bli med Statens vegvesen på tur til Hardanger – for å sjå og lære om bygging av den nye brua.

"Gaupne fotballskule" scora best i kategorien "Formidling og kommunikasjon". Gjengen frå Luster ungdomsskule reiser dermed til Førde og blir med å lage ei sending for NRK Sogn og Fjordane. I kategorien "Miljø og berekraft" plukka juryen ut bedrifta "Dans med glede" frå Kaupanger skule i Sogndal. Dei får med seg ein lærar på tur til vindmøllepark i Vågsøy og guiding i havgapet med Måløy Vekst.

Over 50 bedrifter hadde registrert seg hjå Ungt Entreprenørskap for å vere med i tevlinga. 23 verksemder vart plukka ut, og det var god deltaking frå alle regionrådskommunane. I tillegg til besøk på stand, var alle 8. klassingane på besøk hos to bedrifter på Leikanger. Totalt 10 arbeidsplassar tok i mot elevane denne dagen. Konferansier Rasmus Mo hadde ei stødig hand på taktstokken, og psykolog Per Steinar Melås motiverte ungdomane til å tenkje nytt og kreativt i sine engasjerande plenumsforedrag.

Ialt 420 elevar deltok på messa i Leikanger. Dette er tredje gong Sogn regionråd arrangerer entreprenørskapsmessa for ungdomsskulane i Sogn. Den vellukka messa var eit vitnesbyrd om at entreprenørane spirar på ungdomsskulane i Sogn!

Program

Bileta under viser eleverksemdene som skåra høgast i kvar sin kategori: "Salongen" frå Flatbygdi skule i Vik, "Gaupne fotballskule" frå Luster ungdomsskule og "Dans med glede" frå Kaupanger skule

 Entreprenørskapsmesse 2011 elevverksemd Salongen

Entreprenørskapsmesse 2011 Elevverksemd Gaupne fotballskule

Entreprenørskapsmesse 2011 Elevverksemd Dans med glede