§ 1. Norm for pedagogisk bemanning

Barnehagen skal minst ha éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når borna er over tre år, og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når borna er under tre år. Eitt barn til utløyser krav om ei ny fulltidsstilling som pedagogisk leiar. Barn blir rekna for å vere over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.

§ 2. Midlertidig dispensasjon frå norm for pedagogisk bemanning

Kommunen kan innvilge dispensasjon frå § 1 for inntil eitt år om gongen dersom særlege omsyn tilseier det og barnehageeigar søkjer om dispensasjon. Barnehageeigar skal leggje ved uttale frå samarbeidsutvalet i barnehagen i søknaden.

§ 3. Midlertidig dispensasjon frå utdanningskravet

Kommunen kan innvilge dispensasjon frå utdanningskravet for styrar og pedagogisk leiar for inntil eitt år om gongen, dersom barnehageeigar søkjer om det og stillinga det blir søkt om dispensasjon for har vore offentleg utlyst og det ikkje har meldt seg kvalifisert søkar.
Dispensasjonen gjelder den personen det søkes dispensasjon for og til en bestemt stilling i en bestemt barnehage.