Melding om vedtak

Forvaltningsutvalet legg detaljreguleringsplan Togjerdet, dagsett 08.10.2019, ut til høyring og offentleg ettersyn i tråd med plan og bygningslova §12-10, med fylgjande endring:
• Punkt 4.1 i føresegn skal heite: Felt BN, Næringsbebyggelse, industri-, håndverks- og lagervirksomhet. Omfatter ikke forretning/handel og tjenesteyting.
 

Planområdet omfattar området vist på kartutsnittet. Hovudføremålet er å leggje til rette for bygging av felles oppmøtestad for Statnett si stasjon- og linjeavdeling. Tiltaket skal sikre verksemda rimelege utvidingsmoglegheiter. Planen inkluderer tiltak som knyt utbyggingsområdet til eksisterande rv. 55. Areal regulert til næringsbebyggelse omfattar eigedomane som Statnett i dag nyttar til dette føremålet.

togjerdet.JPG

Merknader

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast skriftleg til Sogndal kommune, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller pr. brev til Postboks 153, 6851 Sogndal, innan 04.02.2020.
 

Dokument i saka