• Føresegn 3.2.2 endrast til slik ordlyd: Byggegrense mot Rv. 5 er 30 meter rekna frå senterline til riksvegen.
  • Føresegn 3.2.3 endrast til slik ordlyd: Byggegrense er 10 meter rekna frå senterlinje til Skarpeteigvegen.
  • Føresegn 3.6 endrast til slik ordlyd: Dersom det under anleggsarbeidet vert avdekka forureina grunn, skal ansvarleg mynde verte varsla, jamfør Forurensningslova §7. Før det vert gjeve løyve skal det utarbeidast ein tiltaksplan for handsaming av forureina grunn.
  • Flaumsone H320_takast ut av plandokumenta.
  • Ny føresegn leggast til, med ordlyd: Tiltak innanfor planområdet må utformast og prosjekterast i samråd med Sogn Brann og Redning IKS.
    Alle nye bygg over 3 etasjar skal ha tørr stigeleidning. Krava i VTEK17 § 11-17 om preaksepterte ytingar for vassforsyning, når det gjeld vassforsyning innandørs, skal leggjast til grunn.
    Krava i VTEK17 § 11-13 om utgang frå branncelle, 1. ledd skal gjelde for alle nye bygg over 3 etasjar.
  • Føresegn 5.2.3 endrast til slik ordlyd: Innafor BKB skal det opparbeidast 90 parkeringsplassar.

Vedteken plan skal ikkje kunngjerast før godkjent overvassplan ligg føre.

Kort om planen
Norconsult har på oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune utarbeidd framlegg til planomtale og føresegner for detaljreguleringsplan for Sogndal vidaregåande skule og Vitensenter på Kaupanger.
 
Hovudføremålet er å leggje til rette for bygging av eit framtidsretta fellesbygg for Sogndal vidaregåande skule og for Vitensenter på Kaupanger. Planen inkluderer tiltak som knyt utbyggingsområdet til eksisterande rv.5 og regulert gangsystem. Areal regulert til næring/tenesteyting omfattar eigedomane som vidaregåande skule i dag nyttar til dette føremålet.
 
Klagerett
Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova.
Eventuell klage må fremjast innan 16.11.2019 og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.
 
Dokument