Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for gbnr. 85/8 m.fl. Hagastrondi på Fimreite - Fritidsbustader slik det går fram av plankart dagsett 27.8.19 og føresegn dagsett 7.10.19 jf. §12-12 i plan- og bygningslova.
Med følgjande endringar i føresegnene:
- Punkt 3.1 d) skal lyde: «Maks mønehøgde skal vere 5,5 m. Møneretning skal vere parallell med kotene».


Kort om planen

Arkitektkontoret 4B har på vegne av framleggsstillarar Odd Einar, Per Magne og Ingmar Fimreite fremja framlegg til reguleringsplan for eit område på om lag 60 daa på Hagastrondi på Fimreite. Planframlegget legg til rette for inntil 15 fritidsbustader fordelt på tre felt; to langs vegen, og resten oppe i bakkane bak garden. Fritidsbustadene er planlagd med storleik inntil 80 m2 BRA, kor 10 av hyttetomtene er opna for uthus på 30 m2 i tillegg. Parkering er planlagd samla på ein felles parkeringsplass, men det er også høve til å køyre nærare hyttene for av- og pålessing og parkering ved nokre av hyttene.

Utbyggingsområdet skal sikrast mot skred ved etablering av skredvoll. Areal på nedsida av vegen mot sjø regulerast til LNF-område med omsynssone for bevaring naturmiljø. I dette området skal det vere ferdsleforbod i perioda 1. april - 31. juli av omsyn til hekkande sjøfugl i nærliggande naturreservat.

Eventuelle klagar

I samsvar med pbl. § 12-12 er grunneigarar og andre varsla, og planvedtaket blir kunngjort i Sogn Avis 7.12.2019.
Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova § 29 sett til 28.12.2019.

Eventuell klage må fremjast skriftleg og sendast pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.
 
Det er tilgang til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. forvaltingslova § 42. Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.
 

Dokument i saka