Planområdet er lokalisert i Fosshagen og føremålet med planen er å leggja til rette for utbygging av barnehage med tilhøyrande funksjonar.
Tilkomstveg til planområdet skal løysast frå Dalavegen.
Planen vart først vedteke i kommunestyret den 14.12.2017, sak 53/17. Vedtaket vart oppheva av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fordi Riksantikvaren ikkje hadde gjeve løyve til inngrep i kulturminne. Løyve er no gjeve og planen kunne vedtakast på nytt.
Planvedtak for reguleringsplan kan klagast på i samsvar med § 1-9 i plan- og bygningslova, jamfør kapittel VI i forvaltningslova. Eventuell klage må fremjast skriftleg innan 3 veker og sendast via skjema, pr. e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller postboks 153, 6851 Sogndal.
Dokument:
- Protokoll kommunestyret
- Saksframlegg
- Plankart
- Føresegner
- Planomtale
- Oppsummering og kommentarar til merknader frå offentleg ettersyn
- Innspel til offentleg ettersyn og høyring
- ROS-analyse
- Innspel til planoppstart
- Administrativ tomtevurdering
- Barnehagefagelege vurderingar
- Prognose barnetal og behov for utbygging av barnehage
- Moglegheitsstudie og tomtevurdering
- Sol- og skuggeanalyse
- Illustrasjonsplan og snitt-teikningar
- VAO-rammeplan
- Situasjonsplan køyreveg
- Notat skildring av køyreveg og parkering