Det er stort behov for sjukepleiarar i dei sju kommunane i Sogn. Prognosar viser at sjukepleiarar er av dei yrkesgruppene det vil vera størst mangel på i åra som kjem. Sogn regionråd har sidan 2019 samarbeidd med Høgskulen på Vestlandet for å tilby kommunalt tilsette desentralisert sjukepleiarutdanning. 

Høgskulen startar opp deltidsutdanning hausten 2023. Det er samlingar i Førde. I tillegg blir det bruk av digitale løysingar i undervisninga og digital rettleiing. Studentane vil jobba ilag i lokale grupper. Studiet går over fire år. Tilsette i kommunane i Sogn kan ta utdanning i kombinasjon med vanleg arbeid. Innhaldet i utdanninga er det same som på heiltidsutdanninga.

Med studiestart hausten 2023 ligg det godt til rette for at interesserte kan kvalifisera seg i høve opptakskrava. Krava for å kunne starte på studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Tilsette som må kvalifisera seg må ta privatisteksamen seinast våren 2023. Vi har fått kompetansetilskot frå Statsforvaltaren til støtteundervising i norsk og matematikk.

Er du tilsett i ein av regionrådskommunane og ønskjer meir informasjon, kan du kontakta leiaren din eller prosjektleiar.

Søknadsfristen til studiet er 15. april 2023. 

Les meir på høgskulen si nettside