Eit desentralisert tilbod for sjukepleiarutdanninga vil bli ein realitet i Sogn. På møtet i Sogndal 6. september var høgskulen positive til regionrådet sitt ønske om å få igang eit studie i Sogn. Kommunane har stort behov for sjukepleiarar og behovet vil auke i åra som kjem. Ved å få på plass eit desentralisert studietilbod vil vi få fleire sjukepleiarar i vår region. 

Dei tilsette i kommunane kan ta utdanning i kombinasjon med vanleg arbeid. Innhaldet i utdanninga er det same som på heiltidsutdanninga, men går over fire år istadenfor tre. Ein stor del av praksisen og undervisninga vil føregå i regionen. Helse Førde vil stille med praksisplassar til studentane. 

Det er kvalifiseringskrav for å kunne starte på studiet. Med studiestart hausten 2021 ligg det godt til rette for at interesserte i sognekommunane kan kvalifisera seg i høve opptakskrava.