Sogn regionråd starta eit prosjekt for å greia ut eit interkommunalt byggjetilsyn i 2009. Bakgrunnen var nye lovkrav der kommunane sin plikt til å føra tilsyn vart skjerpa, spesielt der det føreligg ulovlege forhold. Oppgåvene krev høg kompetanse og samstundes vil omfanget av oppgåvene gje ein låg stillingsprosent om kommunane skal løysa dette kvar for seg.

Sogn regionråd tilrådde at byggjetilsynstenesta vart integrert med felles brann- og redningsteneste. Sogn brann og redning IKS vart etablert januar 2011 og byggjetilsynstenesta vart ein del av oppgåvene til dette selskapet frå august. To tilsette i heile stillingar får delt arbeidsområde innan branntilsyn og byggjetilsyn, totalt vert det sett av ei heil stilling til byggjetilsyn.

Samarbeidskommunane er Balestrand, Leikanger, Luster, Sogndal og Vik.

Aktuelle dokument finn du nedanfor.