Appen BookBites kan du lasta ned frå Apple Store eller Google Play. Her kan du lesa e-bøker og høyra e-lydbøker gratis. For å låna e-bøker må du laga deg ein brukar og logga deg inn med lånenummeret ditt. 

Nettbiblioteket til Nasjonalbiblioteket, også kalla "Bokhylla.no" kan du lesa digitaliserte bøker, tidsskrift og aviser fram til år 2000. Desse er gratis for alle som har ei norsk IP-adresse. Tekstane kan lesast gjennom ein vanleg nettlesar på pc, nettbrett eller mobiltelefon. Du treng ikkje å logga inn for å nytta denne tenesta. 

På Billedbokhylla.no kan du finna skjulte barnebokskattar på nett, frå før år 2000.

Bokselskap kan du lesa norske klassikarar på nett eller lasta ned til nettbrett eller mobil. Tenesta er gratis. 

Pressreader er ei teneste som gjev tilgang til over 6500 aviser og magasin i komplett digital utgåve frå meir enn 125 land på 60 ulike språk. Dagbladet, Aftenposten og Bergens Tidende er nokre av avisene ein får tilgang til, og ein finn også ulike magasin om hage, helse, foto, historie, mat, teknologi og mykje meir. Du får tilgang gjennom å logga deg inn med lånenummer og passord via Bibliofil-appen eller heimesida vår: https://sogndal.bib.no/cgi-bin/m2. Velg deretter Meny - Digitale tjenester - Pressreader. 

Lesekroken.no er ei nettbasert teneste som inneheld bøker og lydbøker med eventyr av Asbjørnsen og Moe på nynorsk, bokmål, samisk og 19 av dei mest vanlege framandspråka i Norge. Sidene har også tilgang til interaktive aktivitetar som lotto, fargelegging og puslespel. Logg på med Sogndal bibliotek sitt passord: Veslefrikk. 

Verdensbiblioteket.no har e-bøker og e-lydbøker på språk frå heile verda. Her kan ein oppretta ein brukar og strøyma uavgrensa. 

Filmbib.no er ei strøymeteneste frå Norsk filminstitutt der du kan låna norske kort- og dokumentarfilmar gratis. Last ned appen frå App Store eller Google Play og logg deg inn med lånenummer og passord. 

Nynorsksenteret har nynorske biletbøker på nett, i tillegg til andre digitale ressursar.

Litteraturhuset hjemme i stua. Litteraturhuset i Oslo tilbyr digitale lesestunder for barn, samtalar med forfattarar, diktlesingar og andre kulturopplevingar på nett. 

Gratis Brillebjørn-lydbok av forfattar Ida Jackson. Brillebjørn må vera heime frå barnehagen sjølv om han ikkje er sjuk. Ei aktuell barnebok som handlar om koronavirus og heimekontor. Få lydboka tilsendt ved å trykkja på lenkja. 

Salaby barnehage er ein digital læringsressurs frå Gyldendal. Her finn du mange fine aktivitetar og spel for leik og læring til barn i barnehagealder. No får du tilgang til alt innhald utan å logga inn. 

Salaby skule har gratis, digitale læringsressursar for barn i skulealder. 

På Karanteket.no finn du ei samla oversikt over digitale bibliotektenester.  

 

Dersom du ikkje har nasjonalt lånekort frå før, kan du få dette på biblioteket eller skaffa deg det digitalt på nb.bib.no