Foreldrebetaling for opphaldstid følgjer reglane for maksimalsatsar jf. statsbudsjettet.
Maksimalsats for heil plass frå august 2019 er 3040 kroner. Frå 1.1.2020 aukar satsen til kr 3135.
Ingen hushald skal betale meir enn 6% av inntekta for ein barnehageplass. Frå 1. august har hushald med samla inntekt under kr 557 333 rett til redusert foreldrebetaling. For 2020 vil grensa bli kr 574 750.
Ordninga med gratis kjernetid gjeld alle 2 - 5-åringar for familiar med låg inntekt. Pr. 1. august 2019 er inntektsgrensa kr 548 500. Frå 1.8.2020 vert grensa kr 566 100.
Type plass | Prisar frå 1.8.2019 | Matpengar 2019 |
---|---|---|
Heil plass |
3 040 |
336 |
80 % |
2 830 |
290 |
60 % |
2 220 |
220 |
Foreldre betalar for 11 månader i året; 4,5 mnd. i hausthalvåret og 6,5 mnd. i vårhalvåret. Betalinga skjer på forskot den 15. i kvar månad; fyrste gong 15. august.
Moderasjonsordning:
Barn 1: Full pris
Barn 2: 30 % moderasjon
Barn 3 og fleire: 50 % moderasjon
For hushald med rett til inntektsgradert foreldrebetaling, blir søskenmoderasjonen for andre, tredje og fleire i tråd med søskenmoderasjonen med høvesvis 70 % og 50 % av foreldrebetalinga for første barn.