Studieturen er i regi av Sogn regionråd, der ulike fagnettverk i kommunane driv kompetanseheving ved å dela kunnskap og ha kurs for kvarandre innan sitt fagområde. Dette året var det fagområdet «Kropp, rørsle og helse» med barnehagelærarar frå Årdal kommune som ansvarlege som fekk reisa på studietur. Studieturane vert i hovudsak dekka gjennom øyremerkte midlar frå Utdanningsdepartementet som Fylkesmannen betalar ut til dei 4 regionane i fylket. I Sogn har ein altso valt å la fagnettverka få reise på ein studietur. Når kommunane i Sogn samarbeider om regionale fagnettverk kan ein få dette til i fellesskap.

Me fekk ein kontaktperson på Island som var hjelpsam med å ordna besøk til fem ulike barnehagar. Me vart godt mottekne av rektorar ved dei fem Leikeskolane me vitja og fekk høyra om deira pedagogikk og filosofi. Barnehagane på Island tek utgangspunkt i «Ei sunn sjel i eit sunt legeme». Barnehagane ynskjer å vera helseførebyggande ved å gi barna god og næringsrik mat, fysisk aktivitet, leik og utvikla den kreative sida til barna. Fleire av barnehagane hadde eigne gymrom med gymlærar, formingsrom med kunstlærar og kokkar som laga til næringsrike måltid.

Me fekk vera med på ulike aktivitetar i barnehagane og gjorde oss tankar om likskap og ulikskap i drifta av barnehagane på Island og her hjå oss i Sogn. Etter besøka samla me oss i grupper og reflekterte over det me hadde erfart. Høgskulen, avdeling for barnehagelærar, hadde ein student utplassert i barnehage på Island som fortalde om korleis erfaringar ho hadde gjort seg der. Erfaringar og bildemateriale vert lagt ut på Sogn regionråd sine eigne sider for fagnettverk barnehage.

Me fekk og med oss Blå lagune i snøstorm og ein flott rundtur til dei kjende turiststadene, Thingvellir, Gullfoss og Geysir med ein fantastisk god guide. Og som ein god bonus fekk me med oss solformørkinga 20. mars. Ein slik studietur er ei positiv erfaring for deltakarane i nettverk, dei får ein god påfylling av kunnskap og blir betre kjent med kvarandre, noko som igjen fører til at det vert lettare å dela kunnskap med kvarandre i sitt eige nettverk.

Rigmor Hov
For fagnettverk Kropp, rørsle og helse

Studietur Island mars 2015 lite.jpg