Pling vaken: bok+teater med Irene Ahnéll og Mette S. Tønseth

Eit herleg teaterkrydra forfattarbesøk.
I klesskåpet kraslar og raslar det. Eit ganske koseleg monster har oppstått av rotet til Klara. Monsteret er redd for at det er skumle ting under senga i barnerommet, men Klara trøyster og forklarer.
Klara må gå inn i oppdragarrolla når det viser seg at monsteret heller ikkje får sove. Verken godnattsang eller truslar om å bli forbigått i arverekka hjelper.

Forfattar og skodespelar har med seg skodespelarkollega Mette S.
Tønseth og dokkene frå teaterstykket basert på boka. I staden for ei vanleg opplesing, får også Klara- og skåpmonster-dokkene vere med i ein levande presentasjon av boka - og ungane får helse på dei alle fire etter lesestunda.
Arrangement i samarbeid med Folkeakademiet Luster.
Gratis inngang!

Arrangør: LUSTER BIBLIOTEK I SAMARBEID MED FOLKEAKADEMIET LUSTER
: Luster bibliotek
Tid: lørdag 19. oktober 13:00
Kulturarrangement