Sogn regionråd er dei ni kommunane sin felles utviklingsaktør i arbeidet med å vidareutvikla rammevilkåra for busetnad, næringsliv og vekst i regionen.

Arbeidet med å utvikla Sognebåten heldt fram for fullt i 2016. Rapporten om moglege endringar av rutetilbodet vart utgreidd på oppdrag frå Sogn regionråd og var ferdig i september. I samarbeid med Visit Sognefjord og næringa har regionrådet spelt inn til fylkeskommunen forslag til tiltak for utvida sommarrute og heilårsrute med Flåm som endestogg frå 2018. 

I høyringa av nasjonal transportplan har rådet prioritert aust-vestsambandet rv 52 over Hemsedal og Vikafjellstunnelen. For første gong vedtok rådet ein samferdsleplan med prioriterte tiltak for regionen. Gjennom å stå samla kan regionen få større gjennomslagskraft i arbeidet med å få realisert viktige samferdsleprosjekt.  

Sogn regionråd inviterte Sogn og Fjordane fylkeskommune, NHO og LO på fylkesnivå til ein partnarskapsavtale for fleire læreplassar, og avtalen vart signert i regionrådsmøtet i april. Gjennom avtalen vil partane samordna innsatsen slik at vi aukar tal læreplassar i Sogn.

I samarbeid med eksterne støttespelarar utarbeidde kommunane ein regional bustadstrategi for Sogn. Bustadstrategien får fram moglege løysingar, gode grep og verkemiddel, og la grunnlaget for eit treårig prosjektarbeid som rådet vedtok i desember.

I det regionale programmet for barnehage- og skuleutvikling heldt vi fram med fleire prosjekt og nye vart starta opp, og vi nemner nokre av dei; I samarbeid med høgskulen har vi utarbeidd ein regional plan for god psykisk helse hjå barn og unge. Planen er meint å vera til aktiv bruk i barnehagar og skular. Den årlege entreprenørskapsmessa samla 600 ungdomsskuleelevar frå heile regionen. Årdal kommune var vertskap. Pilotprosjektet «Frå spesialundervisning til tilpassa opplæring» heldt fram i 2016 og har fått særs positive tilbakemeldingar frå dei fem skulane som er med. Vi vil også trekka fram Høgskulen sin studie av lærande barnehagar. Studien viser at barnehagane i Sogn som samla system står fram som eitt tett, integrert fellesskap. Vi merkar at det er stigande interesse for arbeidet vårt med barnehage- og skuleutvikling og i april la Numedalsregionen studieturen til Sogn. 

Gjennom året har det vore arbeidd med regionalplanen for Sogn regionråd. Regionalplanen er rådet sitt styringsdokument og verktøy for å utvikla regionen. Regional analyse frå Telemarksforsking, drøftingar kommunevis og med formannskapa samla gav eit godt grunnlag for val av satsingar og strategiar for dei neste fire åra. 

Meir om aktivitetane i Sogn regionråd kan du lesa om i årsmeldinga