Slaget ved Fimreite i 1184 var ei viktig hending i norsk historie. Det heiter at Kong Sverre og birkebeinarane hans kom på besøk for å krevja bot for at sogndølene hadde drepe sysselmannen hans eit halvårs tid i førevegen. Då dei nekta, svara Sverre med å svi av alle gardane oppover frå Sogndalsfjøra.

På denne tida var det borgarkrig i landet med mange kongsemne som konkurrerte om makta. Kong Magnus Erlingsson kom uforvarande på kong Sverre, og det kom til kamp ved Fimreite. Slaget tok mange liv, men det var kong Sverre som til slutt gjekk sigrande ut av slaget.

Det vart reist ein bautastein til minne om slaget i 1984, 800 år etter slaget. Det var diskusjon kor steinen skulle stå, men det vart til slutt på Nornes fordi det var på Nornes dei falne vart tekne i land og gravlagde. I tillegg at det var lettare for besøkande å koma seg til Nornes enn til Fimreite som på den tida var veglaus.