Runesteinen på Stedje er truleg sett her ein gong i mellomalderen. Runologane meiner at innskrifta er frå omkring 1100 e. Kr. Innskrifta er tyda til: «Kong Olav skaut mellom desse steinane»

Det er usemje kven kong Olav var, det finst fleire moglegheiter. Segner frå Sogndal talar for at det kan vera Olav Haraldsson som skaut mellom steinane. Dei fortel at det var han som kristna bygda. Han stod på kyrkjebakken og peika ut tufta til den første kyrkja på staden. Kanskje med pil og boge? Olav Kyrre og Olav Tryggvason er andre kongar det er spekulert kring. Det kan også ha vore ein bautastein på ei heidensk grav.

Runesteinen har vore flytta fleire gonger. Den skal ha stått på Nedre Stedje og ei tid låg den i grunnmuren på eit av husa på Stedje. Det er uvisst kvar steinen stod opphavleg.

Toppen på steinen vart øydelagd i vinteren 2012, men er no restaurert i samråd med kulturminnestyresmaktene.