Kvifor avgiftsbasert parkering?

I vedtak om avgiftsbasert parkeringsordning frå 2010 heiter det: «Føremålet med parkeringsordninga er å bidra til utbygging og effektiv utnytting av parkeringsplassane i Sogndal, legge til rette for parkering for brukarane av Sogndal sentrum, ivareta miljøomsyn og utvikle uteområda i Sogndal sentrum.

Dette kan gjerast gjennom å:

  1. sikre nok tilgjengelege p-plassar for private og offentlege verksemder og utnytte eksisterande p-plassar betre
  2. arbeide for at nye p-plassar vert lagt under bakkenivå eller i p-hus
  3. stimulere til auka bruk av sykkel og kollektive transportmiddel
  4. legge til rette for ei god drift av p-plassane (lys, vedlikehald og snøbrøyting)
  5. informere godt om parkeringsordninga. Dette for å skape forståing for ordninga.»

Historisk sett har parkeringsordninga vorte etablert i to steg. I tida 1998-2002 var det naudsynt å etablere parkeringsplassar og regulere kvar parkering av bilar kunne føregå. Det var for å gjere trafikkbilete meir oversikteleg. Ein såg i ettertid at det førte til to problem,

  1. at berre dei mest attraktive parkeringsplassane vart nytta
  2. at vrakbare køyretøy vart etterlatne på parkeringsplassar.

Kva går pengane til?

Pengane frå parkeringsordninga går til drifta, samt trafikk-, miljø- og trivselstiltak i sentrum som t.d. sentrumsparken.

Parking in Sogndal - Information in English

In Sogndal, the general rule is that parking is toll-based, meaning you have to pay for parking. The regulations in a given parking lot are found as signs and on the parking machines. This information is in Norwegian, and you are expected to understand what regulations are relevant to you while operating a vehicle.