Sogndal kommune ynskjer gjennom denne forskrifta å:
- fremje eit positivt og ansvarleg hundehald som ivaretek omsynet til tryggleik, alminneleg ro og orden
- redusere konfliktnivået mellom hundehald og ålmenta
- hindre at hundar skremmer eller hindrar folk og spesielt born frå fri leik
- hindre at hund jagar bufe på beite
- verne om vilt og viltet sitt leveområde, spesielt yngling og periodar med ekstraordinære naturtilhøve.