Ergoterapeuten arbeidar der tenestemottakaren er, i heimen, på arbeidsplassen, i omsorgssenter, i skule og fritidstilbod.
Ergoterapeuten har tenestemottakarar i alle aldersgrupper og
- driv funksjonstrening, kartlegg funksjonar og kartlegg behov for hjelpemidlar
- formidlar og tilpassar hjelpemidlar
- planlegging av offentlege bygg og anlegg og offentleg informasjon
- deltek i ansvarsgrupper og i utarbeiding av individuelle planar for brukarar
Kontor: Sogndal omsorgssenter, Plassen 2.
Kontortid: Måndag – fredag kl. 08.00 - 15.30 Telefon : 57 62 98 26