Sogndal Ungdomsråd har sitt eige arbeidsutval. Her sit leiar og nestleiar og to medlemmar. Arbeidsutvalet møtest to veker før kvart ungdomsrådsmøte for å setje saksliste. Arbeidsutvalet skiftast ut ved skulestart kvart år.

Ungdomsleiar er sekretær for ungdomsrådet og hjelper til i oppfølginga av saker ungdomsrådet tek opp. Politikarar er hjarteleg velkomne til å møte og snakke med engasjert ungdom!