Gode resultat kjem ikkje av seg sjølv, innleia nestleiar i Sogn regionråd Jarle Aarvoll. Gode resultat kjem som følgje av at nokon har sett seg mål, og arbeidd for å nå dei. I tillegg til å gje ros til dei som har realisert ”Barnehagestemne 2014”, skrytte ordførar Aarvoll om samarbeidet med Høgskulen; ein nær og dynamisk samarbeidspartnar.

Barnehagestemnet vart også i år eit nært samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. Studieleiar Aud Marie Stundal og dosent Øyvind Glosvik starta dagen med å orientere om prosjektet ”Barnehagen som lærande organisasjon”. Glosvik utfordra oss på korleis vi veit om barnehagane er lærande organisasjonar; skjer det mange læringsaktivitetar, er personalet involverte i ulike aktivitetar – og har aktivitetane retning og inngår dei i ein kollektiv samanheng?

Svara fekk vi mellom anna frå praksisfeltet sjølv, då Camilla Hove, Kari Gravdal oog Åse Grindela frå barnehagane i Vik presenterte korleis arbeidet hadde vore organisert og gjennomført i fagnettverket i ”Kunst, kultur og kreativitet”. Konklusjonen deira var at fagnettverka aukar den faglege oppdateringa, vi deler kunnskap og får til eit fruktbart samarbeid på tvers av kommunane i regionen. I tillegg bidreg arbeidet til å synleggjere innhaldet i barnehagane til omverda.

Lillian Bruheim, Aud Torunn Strømseng og Oddny Skarsbø frå Leikangar kommune presenterte sitt nettverk ”Kommunikasjon, språk og tekst”. Dei 27 deltakarane i nettverket starta opp sitt arbeid med støtte frå Det Dansk-Norske Fond på jaktslottet Schæffergården utanfor København. Dei formidla idear og impulsar spesielt frå København kommune sitt arbeid med språkinnsats for aldersgruppa 0 – 5 år.

Åsta Birkeland, stipendiat ved Høyskolen i Bergen, inviterte oss inn i sitt forskingsprosjekt. Tittelen på hennar foredrag var ”Danningsideal i de norske barnehagane – sett i frå Kina”. Med spanande og overraskande innfallsvinklar så vi på danningsideala i barnehagane våre – med kinesiske blikk! Kva meines eigentleg med barnas deltaking? På kva premiss er det barna deltek? Eit av hovudpoenga til Birkeland er at vår etablerte praksis ikkje er naturleg, men ”kulturleg”. Praksisen vår er skapt i vår lokale og nasjonale kultur. Men ved å sjå barnehagane gjennom andre brilleglas, vil vi i røynda kunne sjå ei anna verd.

Etter lunsj fordelte deltakarane seg på dei sju fagnettverka, i tillegg til styrarnettverket.

Presentasjonane frå barnehagestemne finn du på vår eiga nettside for fagnettverka i Sogn:
http://fagnettverk.wikispaces.com/Heim

Bilete: Deltakarar frå den eine salen og innleiarane Åsta Birkeland, Aud Marie Stundal, Jarle Aarvoll og Øyvind Glosvik
Camilla Hove, Kari Gravdal og Åse Grindela frå Vik kommune og programleiar Claus Røynesdal med Åsta Birkeland

Barnehagestemne 3.1.2014.jpgBarnehagestemnet 3.1.2014[4].jpgBarnehagestemnet 3.1.2014[1].jpgBarnehagestemne 3.1.2014[1].jpg