Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Ulla

Bokmelding frå Nynorskbok.no om den siste biletboka til Anna R. Folkestad:

Ulla vil vere med i flokken til Ronny, Albert og Ullbert, men dei seier at alle som er med i ein flokk, må vere veldig flinke til noko.

Ulla er veldig flink til å gøyme seg, og ho tenkjer at når ho har bevist det, får ho vere med i flokken, ho også. Det er berre det at dei andre ikkje kjem og leitar etter henne. Dessutan er Ulla så flink til å gøyme seg at ho sjølv må leite etter vegen tilbake. Ho møter ein heil gjeng med artige og fine dyr som vil hjelpe til. Saman med dei nye vennene er verken elva, steinraset eller den sovande bjørnen noko problem.

Ulla er ei fin og hjartevarm bok om det å vere ein del av ein flokk.

Les meir om Ulla på Nynorskbok.no

Lån boka.

ulla
Tips ein ven  Skriv ut