Den 29. september vart det starta opp utlån av bøker i Sogndal. Boksamlinga har hatt tilhald i mange bygg, mange har bestemt over den og mange har lånt frå den.

Mange kjenner til tida med Ivar Rusti (avbilda, bilete utlånt av Sogndal Sogelag) i kjellaren på kommunehuset, men kvar var bøkene før den tid? Inger Pedersen leiar oss gjennom 190 år med bibliotekaktivitet i Sogndal.

Gratis inngang og enkel servering.

Velkommen!