Som tiltakshavar (tiltakshavar = byggherre / du som skal bygge) er det nokre mindre byggearbeid du sjølv kan søke om å bygge, endre eller rive, utan at du treng å bruke snekkar, murar, andre fagpersonar eller ansvarlege føretak. Du kan sjølv velje å ta ansvar for å søke, prosjektere og utføre disse byggearbeidene.

Korleis byggearbeid dette gjeld finn du omtalt i plan- og bygningsloven § 20-4 og i byggesaksforskriften (SAK10) § 3-1. For eksempel kan du sjølv søke om enkelte mindre tilbygg og garasjar, og om å ta i bruk bod til soverom eller omvendt.

Du er sjølv ansvarleg for at tiltaket føl plan- og bygningsloven (pbl) med tilhøyrande forskrifter, arealplanar som kommuneplanen si arealdel og reguleringsplan, og andre løyver. Kommunen kan føre tilsyn undervegs og be om at du mellom anna dokumenterar korleis krava i byggteknisk forskrift (TEK10) er ivareteke.

Informasjon til tiltakshavar og søkar -  bygg sjølv