Ambulerande skjenkeløyve er ikkje knytta til ein bestemt person eller skjenkestad og gjeld skjenking til lukka lag. Med lukka lag meiner ein arrangement i regi av organisasjonar, verksemder ol. der arrangøren på førehand har oversyn over kven som kjem til å delta.

Ambulerande skjenkeløyve kan ikkje gjevast til stader som er unnatekne for skjenking i lov, forskrifter eller kommunale retningsliner. All servering av alkoholhaldig drikk mot ein eller annen form for betaling krev løyve. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år (det blir kravd legitimasjon).

Privatpersonar som leiger/låner eit lokale kan servere alkohol utan løyve ved eit særskilt høve og i lukka lag. Eit slikt fritak gjeld ikkje organisasjonar som leiger/låner eit lokale. Det er ikkje krav om å gjennomføre kunnskapsprøva etter alkohollova for å få skjenkeløyve til lukka lag.

Søknaden må gje opplysningar om

  • arrangementet (dato, klokkeslett, type arrangement)
  • stad
  • kva det vert søkt om (øl, vin, brennevin)
  • kven som er skjenkestyrar

Følgjande lokale er aktuelle:

  • Selskapslokale
  • Verksemder som har generelt løyve avgrensa til vin og øl
  • Stader som får løyve ved enkeltarrangement avgrensa til vin og øl

Du får skriftleg melding om vedtaket.