Rådmann Jostein Aanestad har formelt sin siste arbeidsdag i Sogndal kommune i dag 30.04.19. Aanestad har vore rådmann i Sogndal frå 2001 til 2019, nær 18 år. 
I denne perioden har Sogndal vore i ei kontinuerleg utvikling, og er ein veldriven kommune. 

Jostein Aanestad vart takka av saman med tilsette onsdag 24.04 og saman med kommunestyret torsdag 25.04. I begge fora fekk Jostein positive tilbakemeldingar som ein tydeleg leiar som veit kva han ynskjer å få til. Jostein Aanestad går no over til stillinga som rådmann i Øystre Slidre, og vi ynskjer han lukke til med nye utfordringar der.

Vi takkar for godt samarbeid, Jostein!

Endringar i kommuneadministrasjonen som følgje av rådmannskifte

Kommunalsjef oppvekst Ole Gunnar Krakhellen er av kommunestyret konstituert som rådmann i tidsrommet 1.5. – 31.12.19. 

Frå 1.1.2020 inngår Sogndal kommune, saman med Balestrand og Leikanger i (nye) Sogndal kommune. Frå kommunesamanslåinga tiltrer prosjektrådmann Stig Arne Thune stillinga som rådmann i den nye kommunen, og Ole Gunnar Krakhellen vert kommunalsjef oppvekst i den nye kommunen.

Rådgjevar oppvekst Tone Bakke vert konstituert som kommunalsjef oppvekst frå 1.5.19 og ut året.

Det vert ingen endringar for kommunalsjef stab og støtte Marit Hagevik og kommunalsjef helse og omsorg Åslaug Brænde.