For ellevte gong arrangerte Ungt Entreprenørskap og Sogn regionråd entreprenørskapsmesse for ungdomsskulane i Sogn. I år var Aurland kommune vertskap. Messa vert arrangert for at elevar skal få høve til å lære meir om elevbedrifter, gründerverksemd og innovasjon. Frå dei 15 skulane i regionen som har ungdomstrinn fekk eit utval på 30 elevbedrifter frå 9. klasse stille med stand, presentere seg for besøkande frå 8. klasse og vere med tevlinga om 1. og 2. plassen i kategoriane: Beste klima og miljøtiltak/ bærekraftprisen, beste elevbedrift, beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt, beste Idè, beste stand og beste salsbedrift. 

Dei som var tilstades fekk god og tydeleg informasjon frå dei tre flinke konferansierane Oda, Nora og Marius Andrei som losa alle gjennom dagen framifrå. Opninga inneheldt talar ved ordførar Noralv Distad og leiar av Ungt Entreprenørskap i Sogn og Fjordane Holger Aasen. I tillegg fekk vi oppleve kulturelle innslag i form av både stilig dans og fengande rockeband ved 10. klassingane Thanabun, Nora og Oda i tillegg til kulturskulelærar i Aurland Mitch. Tidlegare elev ved Aurland barne- og ungdomsskule, Julie Aksnes Williams, avslutta med moderne dans som gav gåsehud på kroppen. 

8. klassingar frå heile regionen var hovudgjestane denne dagen og dei fekk besøke elevbedriftene sine utstillingar, dei fekk høyre inspirasjonsføredrag med reisebloggaren Lisa Stentvedt frå Aurland, og dei fekk vitja ei bedrift i Aurland kommune. Alt dette er med på å gje 8.klassingane i regionen viktig lærdom og inspirasjon til dei sjølve skal starte arbeidet med elevbedrift neste skuleår. Samtidig får dei eit innblikk i dei ulike bedriftene som er i regionen, dei får idear, framtidstru og kanskje skapas det ei lita spire i ein ung grûnder på at det går an å skape arbeidsplassar når dei ein gong vert vaksne.

Juryen, beståande av Therese Turlid, Sivert Bakk, John Erik Johnsen, Gudny Flatabø, Anne Kauppi og Jørn Helgheim hadde ein vanskeleg jobb med å kåre 1. og 2. plass innan dei seks ulike kategoriane. Tusen takk for at de stilte i juryen!

Vinnarar av entreprenørskapsmessa 2019:
Beste klima og miljøtiltak/ bærekraftprisen:
1 .plass Aurland skule med «Den døde planet», 2. plass Luster ungdomsskule, med «ScrubSchies»
Beste elevbedrift:  
1. plass Tangen skule, Årdal med «Fli meg», 2. plass Flatbygdi skule, Vik med «Default LAN EB»                                           
Beste nærmiljø/lokalsamfunnsprosjekt:
1. plass: Sagatun skule, Balestrand med «Bingo», 2. plass Leikanger med «Fortnite»
Beste idè:
1. plass: Årdal, Farnes og Tangen: «Rekved», 2. plass Sogndal, Kaupanger «Pizzafjølsa»
Beste stand:
1 .plass: Hafslo barne og ungdomskule; «Fyr og flamme EB», 2. plass Høyanger, «Partyfix TWT EB»
Beste salsbedrift:
1. plass: Kvåle skule, «Bollebakarane», 2. plass Lærdalsøyri skule «Team Lærdal EB»

For å få til ei slik god og vellukka messe, krevst høg grad av logistikk, oversikt og dugnadsarbeid. Aurland kommune med sine, her snakkar vi elevar, tilsette på skulen, teknisk eining, næringsavdelinga, jury, frivillige, alle bedriftene som tok i mot besøk med fleire skal ha stor takk for eit godt samarbeid i planlegging og gjennomføring.  

Tusen takk til dei 11 bedriftene i Aurland som velvillig tok i mot til saman 430 ungdommar på bedriftsbesøk; SJH, E-Co Energi (Vangen kraftstasjon), Aurlandskoen, Haugen Gardsmat, glasblåsar Merete Rein, Nærøyfjorden Verdsarvpark, Aurland brann og redning, Aurland hamnevesen, The Fjords, Flåmsbana og Fretheim hotel. Og tusen takk til Rallartoget AS og eMobility som sørga for både transport og pauseunderhaldning utanfor idrettshallen. Takk òg til Sogn Opplæringskontor som sørga for både informasjon til nysgjerrige ungdommar og programmering av lego-robotar i vestibylen. 

Det skal også rettast stor takk til sponsorar: Aurland kommune, Aurland Energiverk, E-Co Energi, Aurland sparebank og Flåm AS. Takk til Røde Kors som sørga for at ungdommane våre var i dei tryggaste hender under heile arrangementet. Takk også til ØyreLyd for god kvalitet. Takk også til Caroline Dalsbotten som fotograferte mange bilete for oss denne dagen

Og til sist, stor takk til rektor ved Aurland barne og ungdomsskule Ingrid Steine Bortne, næringssjef Inge Håvard Aarskog, vaktmeister Ola Bjørgum, ordførar Noralv Distad og varaordførar Leif Jarle Bergheim som eg har jobba tett med for at denne dagen skulle verte så vellukka.

Aurland har vore ein god stad å vere gjennom planlegging og arrangement, audmjuk takk!

Sjå gjerne til Aurland kommune si side også frå dagen via linken her: http://abu.skule.no/?artID=4995&navB=1  Her finn de ein fin tekst skrive av rektor Ingrid, samt mange fine bilete frå dagen. 

Hanne Ørnehaug
prosjektleiar entreprenørskapsmessa 2019