Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Seniorsurfdag på Sogndal bibliotek torsdag 29.september kl. 10-14

Vi ønskjer velkomen til den årlege seniorsurfdagen. Alle som ikkje har prøvd ei datamaskin før, eller dei som treng litt meir hjelp i startfasen, er hjarteleg velkomne. Personalet på biblioteket set av ein time til kvar som vil ha litt rettleiing denne dagen. For at biblioteket kan ordna med timeliste, er det fint om alle som ønskjer å komma tek kontakt på førehand. Tlf.nr. er 57 62 96 60.