Sogn regionråd har vedteke ein samferdsleplan som inneheld prioriterte samferdsleløysingar. Handlingsplanen blir rullert årleg.

Arbeidet med å betra samferdsleløysingane i og utav regionen er eit langsiktig og krevjande arbeid. Samstundes vil felles prioriteringar kunne gjera det enklare å få realisert samferdsleprosjekta. Ved å stå samla om tiltaket vil regionen ha større gjennomslagskraft slik at vi vinn fram i dei nasjonale og fylkeskommunale prioriteringane.