Særemne
Skal du skriva særemne og er i tvil om kva du skal skriva om? Kvar finn ein stoff om bøker og forfattarskap?
På Ubok.no sine nettsider finn du ei eiga side som heiter Norsklærerens særemnetips. Der finn du alt du treng for å koma igang, og ganske mykje hjelp gjennom resten av oppgåva òg.
Stavanger bibliotek har laga informative og nyttige sider om det meste som har med særemne å gjera. Her får du tips mellom anna til kva du kan skriva om og kor du kan finna stoff om forfattarskap og tekstar.
Deichmanske bibliotek har utvikla ei temaside til hjelp for å velja særemne.
Kjeldekritikk
Når du skal skriva særemne, mår du skaffa relevant informasjon og kritisk vurdera om denne informasjonen er truverdig, objektiv og nøyaktig.