Rustiltak
Sosialtenesta har etter sosialtenestelova plikt til å rettleia personar med rusproblem og å setja i verk tiltak slik at dei kan koma bort frå misbruket. Når det er trong for det, og etter avtale med klienten, skal sosialtenesta syta for eit behandlingsopplegg.
- - - - - -
Treng du å snakke anonymt med nokon om alkohol eller narkotika? Profesjonelle rettleiarar svarar på spørsmål om dette på Rustelefonen. Telefonnummeret er 08588. Du kan både ringe og sende SMS. Opningstidene er alle dagar mellom kl.11.00 og 19.00.
Både pårørande, profesjonelle og den som sjølv har rusproblem er velkomne til å ta kontakt.
2010-12-02


