Målet er å gi oppfølgjing tilpassa den enkelte brukar sitt behov.

Rusarbeidet omfattar mellom anna å gi råd og rettleiing til personar med rusproblematikk, og setje i verk hjelpetiltak slik at ein kan bidra til å komme seg bort frå misbruket.

Rusteamet kan blant anna:

  • hjelpe deg å kartlegge rusproblemet
  • gi hjelp til rusmeistring gjennom samtalar og rettleiing
  • gi hjelp til meistring av gjeremål i dagleglivet
  • bidra til auka livskvalitet i kvardagen
  • delta i samarbeid med andre offentlege tenester

Rustenesta har også fokus på fysisk aktivitet.

Tenesta kan også gi råd og rettleiing til pårørande til personar med rusproblematikk.
Tenesta er gratis.

Kontaktinformasjon til rustenesta i Sogndal kommune:

Du finn oss i Sogndal helse- og omsorgssenter. Adresse Plassen 6 (inngang mot Ulvahaugen)
Telefon 57 62 96 00
Postboks 153, 6851 Sogndal