1. Rådet går ikkje inn på ei ordning der rådet tek imot og handsamar søknader om støtte direkte frå einskilde personar eller organisasjonar. Dagleg leiar har kompetanse til å avvisa desse søknadene og drøftar dette om naudsynt med leiar/nestleiar. Avslag vert rapportert i rådet sitt neste møte.
  2. Regionrådet kan handsame søknader om støtte som vert fremma av medlemmene i rådet, som kjem frå drøftingar på ordførarmøta eller frå arbeidsgruppene i rådet. Eit medlem i rådet som vil fremja ein søknad bør orientera om den på førehand for ei førebels vurdering i rådet til dømes som meldt orienteringssak med omsyn på kva utgreiingar/krav ein vil stilla til søknad og handsaminga, sjå punkt 3.
  3. Søknader som vert fremma må vera utfyllande og tilfredstilla desse kriteria:
  • Søknaden må omhandla tiltak innan dei prioriterte oppgåveområda til regionrådet jf RUP planen
  • Tiltaket må vera støtta av kommunal planlegging og vera aktuelt for flest mogleg av rådet sine medlemskommunar
  • Søknaden må ha kvalitet; tiltaket må beskrivast godt, målsetting med og effekt av tiltaket må klargjerast, kva organisasjon som står bak søknaden samt finansieringsløysingar og framdrift må det gjerast greie for,  likeeins kva medverknad det er føresett frå rådet ut over økonomisk støtte
  • I samband med utgreinga må det klargjerast kva kommunar tiltaket betyr særleg mykje for.