Du kan sjølv ta direkte kontakt med psykisk helsearbeid, du treng ikkje henvisning frå lege for å få hjelp. Om ønskeleg kan legetenesta hjelpe til med å formidle kontakt.

Kontaktinformasjon til Psykisk helsearbeid i Sogndal kommune:

Du finn oss i Sogndal helse- og omsorgssenter. Adresse Plassen 6 (inngang mot Ulvahaugen)
Telefon 57 62 96 00
Postboks 153, 6851 Sogndal

Målet er å gi oppfølging tilpassa den enkelte brukar sitt behov.

Psykisk helsearbeid kan blant anna tilby:

  • Individuelle samtalar
  • Støtte og hjelp i heimesituasjonen
  • Fysisk aktivitet
  • Hjelp til å styrke ditt sosiale nettverk

Tenesta er eit tilbod til

  • Personar uansett alder med psykiske vanskar
  • Pårørande til personar med psykiske vanskar

Tenesta er gratis og det er ingen søknadsfrist. Ta kontakt når behovet er tilstades.
Dersom det er akutt behov for hjelp tek ein kontakt med legevakt eller eventuelt politi.