Alle husa ligg i den øvste delen av prestegardshagen. Det freda hovudhuset er frå 1836, og er eit gode døme på at kjøpmanns- og embetsmannsarkitekturen frå Bergen spreidde seg utover bygdene på Vestlandet. Den første prestegarden låg på Stedje ved kyrkja. Det var her presten tok i mot biskopen og det store følgjet hans i 1320 åra. I samband med reformasjonen vart så prestegarden flytta dit den seinare vart liggjande. Dette fann truleg stad i 1570 åra. Så bygningen som ligg der i dag, er ikkje den første prestegarden på denne staden.

Prestegarden var ikkje berre bustad for presten og familien hans, det var og ein gard som skulle drivast.  Det vanlege var at gardsdrifta vart pakta bort, men vi har òg døme på at presten sjølv hadde ansvaret for gardsdrifta. I 1920 åra var prestegarden på om lag 120 mål innmark, slåtteteigar på Vikheim og Rusti, skogstgeigar på Sandsteigen (Krokstad) og Nerestad og stølsrettar på Nerestad og Spe. Gardsbruket i Fjøra omfatta på den tida store område som i dag er utbygde. På det området som studentheimen har rett overfor prestebustaden, låg låve, fjøs og paktarstove. Resten av området bort til reinseriet vart nytta som potetåker. Hagen rundt prestegardsstova strekte seg heilt til Leighgota og nedover mot Guro Nes bygget. Jordstykket nedanfor sjukeheimen, mellom Trehestebakken og vegen ved Lem vart nytta til kornåker. I tillegg til dette var heile Leitet ovanfor gamle Trudvang innmark til prestegarden.

Men prestegarden på den tida var meir enn ein bustad for presten og gardsdrift. Prestegarden var ikkje ein rik gard, men den skulle likevel vere ein viktig plass for alle i prestegjeldet. Presten hadde kontoret sitt på prestegarden, og på eit eller anna tidspunkt i livet måtte folk eit ærend til presten. Presten vart sett på som den åndelege leiaren i lokalsamfunnet, men han fekk òg ei lang rekkje meir jordiske verv, som konfirmantførebuing, leiar i skulekommisjonen, fattigkommisjonen og seinare og ulike offentlege helseoppgåver som koppevaksinasjon. Då kommunane i 1837 for fyste gong skulle velje kommunestyre og ordførar, vart det mange prestar som òg vart valde til ordførar. Slik var det òg i Sogndal.

Det ferdast mykje folk i prestegarden. Hit kom ungdomane til konfirmantførebuing. Prestefrua hadde gjerne ansvaret for fleire misjonsforeiningar – bade for vaksne og barn. Omreisande misjonsfolk, emissærar og foreiningsmedarbeidarar for kristelege organisasjonar budde ofte i prestegarden når dei var i Sogndal.