Åslaug Brænde - Foto (henta på nett/twitter)Åslaug Brænde er tilsett som ny Kommunalsjef for området helse, sosial, velferd. 
Brænde har mellom anna mastergrad, men grunnutdanninga er sjukepleiar, samt vidareutdanning i mellom anna psykiatrisk sjukepleie.

Brænde har lang leiarerfaring frå ulike leiar- nivå, mellom anna erfaring som kommunalsjef i vekstkommunen Lindås, soneleiar i Bergen kommune, og ho har leia mellom anna fagutviklingsteam for effektiv omsorg i Bergen kommune.
Ho kjem no ifrå stillinga som avdelingsleiar innan opplæring/rehabilitering for vaksne i Bergen. 

Det var eit samrøystes tilsetjingsutval som gjorde innstilling på tilsetjing av Brænde. 
Brænde er tilsett etter grundig rekrutteringsprosess med ekstern bistand. Brænde vert meir presentert for leiarskap og tilsette når ho tek til utpå hausten.

Me ønskjer den nye kommunalsjefen velkommen til nye Sogndal kommune.
Foto:(henta på nett/twitter)