I 1991, då både Sogndal bibliotek og eit av biblioteka ved den dåverande Sogn og Fjordane distriktshøgskulen flytta inn i nye lokale i Sogndal kulturhus, vart det forhandla fram ein avtale om felles lokalsamling for dei to biblioteka. Samlinga vart plassert i Sogndal bibliotek og betent av dei tilsette ved folkebiblioteket. Begge biblioteka skulle medverka til å utvikla samlinga vidare. Samlinga har vore til stor glede og nytte for mange gjennom desse 20 åra - og vil framleis vere det.

I 2012 flyttar HSF inn i nye lokale i det nye sentralbygget på Campus. Avtalen om felles lokalsamling er derfor sagt opp frå 01.08.2011. Men HSF ser verdien av å halda den lokalhistoriske samlinga ved Sogndal bibliotek samla, også etter 2012. Ei oppdelt samling vil gje dårlegare tilbod til alle grupper. HSF vil derfor overdra mesteparten av det dei eig i den felles lokalsamlinga til Sogndal bibliotek/Sogndal kommune. Vi er svært glade for HSF si avgjerd og takkar for ei verdifull gåve som vi skal ta godt vare på!