Kvåle var ein av dei første busette gardane i Sogndal med funn som syner fast busetnad for kring 2000 år sidan, og i periodar truleg eit høvdingsete. Garden merkar seg ut med eit rikt gravfunn – ei sjeldan rik kvinnegrav – frå yngre viktingtid. Bygging av kyrkje på garden syner òg at her budde det storfolk. Frå 1100 talet til 1300 talet var Kvåle sete for lokale stormenn og kongelege sysselmenn. Frå om lag 1218 – til 1925 var Kvåle lendemannssete. Ein lendemann var ein lokal styringsmann for kongemakta som no hadde etablert seg i landet.
 
Frå sagalitteraturen høyrer vi om Arntor frå Kvåle. Han var ein av sogndølane som gjekk i brodden i opprøret mot kong Sverre sin sysselmann i Sogn like før jul i 1183, noko som førte til at Sverre sine menn svidde av bygda året etter. I juni same året vann Sverre over kong Magnus i slaget ved Fimreite. Og om du hugsar attende til 1984 – Arntor og Sigrid av Kvåle var hovudpersonane i det lokale sogespelet «Slaget ved Fimreite».
 
På 1300 talet var Kvåle ein storgard som var i bonden si eige. Eit skifte frå 1314 fortel om mellom tjue og tretti hus på garden og eit rikt hushald over gjennomsnittet for bygda. Sidan vart garden delt opp i mange mindre bruk. Men i 1860 åra låg Kvålstunet framleis som ein liten landsby med åkrane og engene omkring. 11 gardbrukarar hadde husa sine i same tunet. Utskiftingane i åra etter endra på det. Jorda vart samla i større einingar og tunet vart brote opp. Fleire bruk vart òg delte opp og selde. 
 
I mellomalderen var kyrkjesokna mindre enn i vår tid. Vi finn Kvåle sokn omtala i skriftlege kjelder tidleg på 1300 talet, men lik mange andre kyrkjer frå den tida gjekk ho ut av bruk i øydegardsperioden. I eit brev frå 1544 vart det opplyst at kyrkja var til nedfalls. Innpå 1800 talet låg det framleis restar av kyrkja, noko som tyder på at det hadde vore ei steinkyrkje. Etter det fekk kyrkja verdi som bygningsmaterialet og vart mellom anna nytta i grunnmuren då dei bygde inste fjøsen på Kvåle. I følgje soga skulle kyrkja ha stått 75 meter vest for den freda gravhaugen på Halvardshaugen. Men heilt sikre er vi ikkje. 
 
Nett no er det ikkje så lett å kome seg fram over Kvåle, på grunn av arkeologiske utgravingar i samband med utviding av vegen. Det skal bli spanande å sjå om utgravingane gir oss meir kunnskap om livet på Kvåle i tidlegare tider. Kan hende får vi òg vite kor kyrkja på Kvåle eigentleg låg?