Frå gamalt av tok dei fleste båt frå Sogndal og inn til Eidet, ein av fire skysstasjonane i kommunen, for så å ta landevegen over til Kaupanger. Det gjekk òg ein rideveg frå Loftesnes, gjennom tunet på Kjørnes og vidare gjennom dei fleste gardstuna i Vestreimsgrenda over Kaupangerskogen til Amla. I 1847 vedtok heradsstyret å byggje brygger og tilsetje ein ferjemann, som skulle stå for transporten mellom Nes og Loftesnes. Den gamle ridevegen vart difor i 1848 bygd om og utbetra til kjerreveg. Denne delen av vegen er framleis tydeleg, og det er særleg strekninga mellom Vikane og Lem hyttene vi nyttar som turveg. Her er det sett opp skilt med informasjon om kultur og natur. Her finn du òg spor etter den første telegraflina i Sogndal, som offisielt vart opna i 1896. 
 
Frå gamalt av gjekk vegen gjennom tunet til Valeberg og tok sidan av til Eidsgrenda. Oppe ved Demma på museet delte vegen seg. Du kunne anten gå til venstre mot Øvre Skogen og gjennom alle gardane for å kome ned ved ungdomshuset, eller du kunne ta hovudvegen mot høgre forbi Eidemyri, Mannslagshammaren, Endrehjellbakken, Kvernhushaugen og vidare mot ungdomshuset.  Så gjekk vegen ned forbi ungdomshuset, skulen, ned Sagane forbi Brekka og Kyrakvina ned mot stavkyrkja, forbi Kaupanger Hovedgård og vidare inn mot Amla.